Lokal | 08. feb. 2013

Varsla politiet om mobbing

Russen si "svarteliste" skal ha gått hardt utover nokre yngre elevar ved Os Gymnas.

Varsla politiet om mobbing
Os Gymnas. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. feb. 2013 14:51

• Følg Midtsiden på Facebook
• Følg Midtsiden på Twitter

Tidlegare denne veka blei Midtsiden kontakta av nokon som fortalte om mobbing ved Os Gymnas og foreldre som vurderer å melda mobbinga til politiet.

– Det stemmer. Eg blei kontakta av Os lensmannskontor tysdag, seier rektor ved Os Gymnas, Trond Eikeland.

Onsdag hadde rektor allmannamøte med russen. Han har også snakka med begge partar, russestyret og elevane som skal vera utsett for mobbinga.

I neste veke skal han i møte med politiet og foreldra til to av dei yngre elevane.

Reagerte på svartelista

Bakgrunnen for reaksjonane skal vera russen si "svarteliste", ei liste over yngre elevar som "skal få svi" når russetida startar.

– Tidlegare år blei denne lista delt ut av russen på skulen, no skal lista ha blitt lasta opp på ei lukka gruppe på internett.

– Ein yngre elev skal ha vore på fest i helga, der vedkomande fekk sjå lista. Der reagerte eleven spesielt på noko som sto skrive om to av medelevane.

Seksuell diskriminering

Eikeland seier at desse svartelistene oftast er ganske uskyldige, at det er mest spøk og humor, og når russetida startar så skjer det ingenting mellom russen og dei yngre elevane.

– Eg har ikkje sett årets liste sjølv, men noko av det som sto om nokre av elevane skal ha vore diskriminerande og handla om seksuell legning.

– Eg blei skuffa og irritert då eg høyrte dette frå politiet tysdag, dette er ei alvorleg sak.

OPPDATERT: Fleire personar i russekullet som har kontakta Midtsiden etter at denne saka blei publisert, og personar Midtsiden har vore i kontakt med i etterkant, avviser påstanden om at det som sto på svartelista hadde med seksuell legning å gjera.

Uvisse om etterspel

På møtet med russen onsdag ba Eikeland dei eldste elevane konsentrera seg om seg sjølv, om feiringa av slutten på sitt 13. skuleår, og ikkje blanda inn yngre elevar.

– I framtida vil vi gå tidleg ut til årets russekull og seia at svartelister ikkje blir akseptert.

Russen skal no ha fjerna svartelista frå nettet og rektor har vore i dialog med både nokre av elevane som blei utsett for diskriminering og med russestyret.

– Det har vore ei forsoning mellom partane. Så får vi sjå kva som kjem fram på møtet med foreldra og politiet onsdag i neste veke.

– Eg reknar med at det blir svært vanskeleg å finna ut kven som har skrive lista og det som har vore av kommentarar. Men om politiet følgjer opp saka så kan episoden få eit etterspel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.