Varsla politiet etter nok eit tilfelle av støy på ein søndag
Arbeidet blei stoppa av politiet.
Søndag i 09-tida fekk Midtsiden tips om brot på lov om helligdagsfred ved Vallabrua.
Entreprenøren som bygger bru og fortau på Hegglandsdalsvegen skal ifølgje tipsar har jobba med anleggsmaskiner, drive med saging og «skromla» med aluminium på morgonen første pinsedag.
– Det er stadig jobbing om søndagane, no er eg møkklei, skriv tipsar, som også varsla politiet på morgonkvisten.
Politiet rykte ut til staden i 10-tida.
– Arbeidet blei stoppa sidan dei ikkje hadde løyve til å jobba på helligdag, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.
I loven står det: «Ved kirke eller gudstjenestested er det mens helligdagsfreden varer ikke tillatt å forstyrre gudstjenesten med unødig larm eller arbeid eller annen forstyrrende virksomhet.»
Tidlegare denne veka fortalte prosjektleiar at dei ligg an til å hamna to månadar bak skjema, og at både mengda arbeidarar og mengda arbeidstimar per veke er auka, i forsøk på å ta igjen noko av det tapte.
No ligg det an til å bli lite produksjon både i dag og i morgon, andre pinsedag.