Varmt vårslepp
BILDESERIE: Det blei perfekt vêr og mykje folk som besøkte Os sentrum og over 30 eksterne utstillarar laurdag.
Laurdag blei året vårslepp arrangert i Os sentrum, og med betre vêr enn kva som var meldt, og kva starten på veka hadde å by på.
– Det blei eit eventyr! Vi hadde ikkje venta så mykje folk, dette var som marknadsdagane i juni, når dei dagane har klaff med vêret, seier styremedlem og vikar som leiar for Os Sentrumsforening, Laila Moberg.
– Vi hadde utstillarar som meldte seg på både fredag kveld og laurdag morgon, til saman var det 33 utstillarar i tillegg til bedriftene i sentrum som flytta ut på gatene.
Potetdyrkekonkurranse
Os Bondelag stilte med sponsa materiell frå Felleskjøpet, der dei delte ut settepoteter, jord, stamp og bruksanvising.
– Det er gratis å delta og deo som dyrkar den beste åkeren i sin tildelte stamp innan Bondens Dag på seinsommaren vinn konkurransen, forklarer Olav Botnevik.
Motor-fokus
Som vanleg var det også bil, båt og motor-fokus under vårsleppet.
Radiostyrte bilar, rallycross, veteranbilar og fritidsbåtar sto utstilt.
– Vi hadde veldig godt sal på båtmessa i Bergen. I tillegg til Vernøy-båtane har Nordic Oceancraft slått an, seier Bjørn Askvik frå Askvik Maritim AS.
Cheerleading og street-handball
I tillegg til utstillingar og motevising kom cheerleadinggruppa CheeriOs og hadde ei imponerande oppvising.
Nytt i år var også street-handball, der handballgruppa i Os Turn hadde rigga opp utandørsbane så ungar i fleire alder kunne både øva seg, prøva seg og spela turnering.