– Varmt, fint, tungt
8. klassingane i Os nytta onsdag frigjeringsdagen til ein tur i fri natur under Os Turlag sin Opptur 2013. – Det var ein kjekk, men varm tur, fortel Frida Sørås.
For femte gong arrangerte Os Turlag Opptur for 8. klassane i Os. Starten var i år på Kuventræ for ikkje å kollidera med arrangement i minneparken.
– Dette er fjerde gongen turen går over Tøsdal til Borgafjellet.
– Første året hadde vi over Møsnuken, men det blei i tøffaste laget, fortel arrangørane medan dei tek imot omlag 230 spreke ungdommar som kjem i mål.
Årets løype har gått frå Kuventræ til Tøsdal, over Borgafjellet ned til Os ungdomsskule via Borgen og oppatt på Kuventræ.
– Deilig med vind
Fire av jentene som nett var kome i mål då Midtsiden vitja målområdet var Frida Sørås, Vilde Størdal Svendsen, Siri Henriksen Karstad og Henriette Grindeland.
– Det var varmt, fint, men blautt overalt.
– Då vi kom til toppen blei det litt betre, for der blåste det litt, fortel dei fire som nytta finvêret på Borgafjellet til ein liten matpause før dei tok fatt på nedturen.
Fekk mjølkesyre
Dei fire er glade over ha kome i mål etter omlag tre timar ute i naturen.
– Det var det deiligaste å komma ned hit att.
– Var det ein tung tur då?
– Litt, vi fekk mjølkesyre i låra, fortel dei fire før dei spring vidare.
Litt tungt oppover
Ein fin tur hadde også Maja Reksten Holme frå 8b på Søfteland hatt.
– Det var veldig kjekt. Litt tungt oppover var det, men det gjekk fint, smiler ungjenta etter å ha fått deltakarpremiane, ei t-skjorte og eit nett.
Og premiar vanka det på fleire. To av dei som hadde alt rett på tre spørsmål på toppen fekk kvar sin ryggsekk. I tillegg blei ein ryggsekk og ymse småting trekt ut blant alle deltakaren.
– Hovudpremien er eit gåvekort på Amfi Os, som vi skal trekka når alle i mål, avsluttar arrangørane.