Varma opp med FIFA
Eirik Søfteland syng ei U2-låt i kveld. I går varma han opp med å slå Ola i FIFA - i Idol-huset, der dei to gjekk bananas tidlegare i veka (sjå video).
– Vi hadde fleire låtar å velja mellom, men produsenten meiner denne passer meg best.
– I tillegg synest eg dette er den klart feitaste U2-låta, seier Idol-finalist Eirik Søfteland til Midtsiden.
I kveld syng han "Desire" i kampen om ikkje å vera den første av dei ti finalistane som ryker ut.
– Det er ei skikkeleg groovie låt og den funka skikkeleg bra på øvingane!
Gjekk bananas i Idol-huset
Eirik fortel om ei morosam og veldig hyggeleg veke i "Idol-huset", huset på Frogner der finalistane bur.
– No går det i FIFA, i alle fall på meg og Ola sitt rom, seier Eirik, som bur saman med Waal Skram som han var i semifinale med.
TV2 kjører eigne videoreportasjar frå Idol-huset, og i første episode blei det ein god porsjon humor frå dei to romkameratane.
Dei går bokstavleg talt bananas - sjå video (tv2.no).
Eirik og Ola kjem rundt 2 minutt ut i klippet ...
Odds og eigen vake
Tidlegare i veka gjekk Betsson ut med 25 i odds på Eirik som vinnar av Idol.
Oddsen er no redusert til 12.
I heimbygda Os er det fullmobilisering og eigen Idol-vake på sportsbaren til Bowling1.
– Det er heilt fantastisk med sånn støtte heime i Os! Tilbakemeldingane har vore mange og veldig fine, ikkje minst etter at oddsen blei lagt ut måndag, sa Eirik til Midtsiden torsdag kveld, kvelden før kvelden.