Lokal | 03. okt. 2020

Varm og tørr haustferie

Melder 19 gradar og sol i dag.

Varm og tørr haustferie
Os hamn i dag. I bakgrunnen ser du ein fullsett bubilplass. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 03. okt. 2020 09:46

I går var siste skuledag før haustferien, i dag er det lettskya, vindstille og varmt i Os.

Storm melder 17 gradar utover dagen, Yr melder 19. Vinden skal opp i 5-6 m/s på kvelden, men halda seg under 4 m/s gjennom dagen.

Det er meldt regn søndag kveld, men det kjem fleire dagar med fint vêr gjennom ferieveka.

Måndag er det meldt lettskya og 16 gradar, til tysdag er det meldt 14 gradar og lettskya. Begge dagar med vindstyrke på under 2 m/s.

Det betyr at hummarfiskarane, som har hatt ein knallstart, får nokre fine dagar på fjorden.

Det er meldt nokre regnbyger både onsdag kveld, torsdag og fredag, men neste helg skal det bli sol igjen.

  • Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro, Storm og Yr side om side, på VG Pent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.