Kultur | 03. jan. 2012

Variert for store og små

Oseana lanserer laurdag sitt første vårprogram. Der finn vi alt frå Rikskonsertane og festspeldag til Karius og Baktus og Jan Eggum og Halvdan Sivertsen.

Variert for store og små
Marius Neset, Anna Karenina, Karius og Baktus og herrene Jan Eggum/Halvdan Sivertsen er nokre av opplevingane i Oseana denne våren (fotomontasje: Andris Hamre/pressefoto)
Andris Hamretysdag 03. jan. 2012 16:27

Oseana gav allereie før jul små drypp av programmet slik at folk kunne nytta sjansen til å kjøpe billettar som julegåver til vener og kjente.

- Førehandssalet har gått relativt bra, fortalte Oseanadirektør Kim Kristoffersen i romjula.

Laurdag klokka 15 inviterer Oseana til vårlansering med musikalske innslag i Griegsamlinga.

- Eg synes vi har klart å setja saman eit fint program med stor variasjon, seier arrangementssjef Berit Steen om programmet – som har klart å snika seg ut i posten ei veke tidlegare enn planlagt.

Absence til Os

Oseana har blitt ein av dei faste spelestadene for Riksteateret. I vår kjem dei på turné med Anna Karenina og Karius og Baktus.

- Riksteateret, rikskonsertane og eigen festspeldag frå morgon til kveld er noko av det vi gler oss til.

For born blir det ikkje berre Karius og Baktus.

Heavykatten, Mummitrollet, Askeladden og dei gode hjelparane, med breakdancegruppa Absence kjent frå Norske Talenter på TV2, og musikalen Mjau er av framsyningane vi kan gle oss til.

Torgersen, Koht, Eggum og Sivertsen

Av tilbodet for dei meir vaksne finn vi fleire kjente TV-fjes og store namn.

- Først ut er Trond-Viggo Torgersen allereie 21. januar før elleville Christine Koht vitjar oss 17. februar.

Herrane Jan Eggum og Halvdan Sivertsen inviterer til hyggeaften laurdag 9. juni.

- Våren avsluttar vi med stor familiefeiring i og rundt Oseana St. Hansaftan, smiler Steen.

Mykje lokalt

Heller ikkje i vår er dei lokale kulturbidraga glømt.

- Vi har utruleg mykje fint lokalt som kjem.

- Kulturskulen, mannskoret, kammerkoret og musikkforeninga for eksempel, ramsar Steen opp.

Dei lokale bidraga blir avslutta med at Marius Neset tar med seg band og musikarar frå København søndag 27. mai for å setja opp "Suite for the Seven Mountains" før dei 150 danseelevane ved kulturskulen har sesongavslutning fredag 15. juni med "Dukkemakaren".

- Billettsalet til dei framsyningane kor vi er arrangør, eller delarrangør, startar allereie laurdag, avsluttar arrangementssjef Berit Steen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.