Lokal | 01. feb. 2016

Varetektsfengsla for fire veker

Mannen som mellom anna har svindla Kiwi Moberg med Jo Nesbø-bøker blir varetektsfengsla for fire veker. Innrømmer å ha vore innom nær 500 butikkar.

Varetektsfengsla for fire veker
Mannen, som her er fotografert av overvakingskamera på veg inn på Kiwi Moberg, blir varetektsfengsla for fire veker (foto: politiet)
Andris Hamremåndag 01. feb. 2016 15:21

I Bergen tingrett måndag ettermiddag blei 35-åringen som går under namnet «Byttemannen» varetektsfengsla i tråd med politiet si begjæring for fire veker. Midtsiden omtalte saka først laurdag, då mannen hadde blitt gripen i Bergen etter å ha forsøkt å svindla fleire butikker på Os tidlegare på dagen.

– Vi fekk støtte frå retten i at det var unndragelsesfare (mannen kan stikke av, journ.mrk) fordi han ikkje har ein kjent bustadsadresse og fordi han nektar å oppgi kor han bur. I tillegg var retten einig i at det var fare for gjentaking og for bevisforspillelse, fortel politiførstebetjent Kenneth Rastad ved Os lensmannskontor.

Kan ha svindla opp mot 500 butikker

Os lensmannskontor har stått for etterforskinga som omfatter hundretals-saker over heile landet.

– Vi hadde den eldste saken i distriktet og fekk difor etterforskingsansvaret, men eg må få framheva Skan-kontroll som har gjort mykje av forarbeidet med å sjå sakene i samanheng.

– Siktinga omfattar førebels omlag 20 saker. Det skuldest at det ikkje er oppretta saker på alt. I avhøyr seier han sjølv at han nok har vore innom opp mot 500 butikker, seier Rastad.

Svindla IKEA også

I følgje BT.no er mannen også sikta for bedrageri mot IKEA, kor han først skal ha kjøpt varer, tatt desse med seg ut i bilen før han har gått inn i butikken igjen og funne dei same varene. Med kvittering i hand har han bedt om å få levera dei inn att og fått pengane igjen.

IKEA meiner i følgje avisa at han har svindla dei for 145.000 kroner.

Mannen, som er heimehøyrande på austlandet, er tidlegare dømt for ei rekkje bedrageri.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.