Vår i Bjørnafjorden
Tjeld og grågås er på plass for sesongen.
Sjølv om det ikkje er så mange plussgradar enno, har fleire vårteiktn byrja å bli synlege. Folk har møtt hoggorm og sett kvitveis. Måndag blei to trekkfuglar fanga på same bilde av naturfotograf Oddmund Lunde.
– Dei spaserte saman på eit skjer i Kjerringahavet, fortel Oddmund.
Kjerringahavet ligg mellom Lepsøy og Bruarøy.
Begge er kortdistansetrekkfuglar. Tjeld (Haematopus ostralegus) overvintrar øst i England og i Vadehavet utanfor Nederland. Også grågåsa (Anser anser) overvintrar i nasjonalparken Vadehavet.
Vi reknar med at det er 20.000-25.000 par grågås i Noreg og 30.000 til 50.000 par med tjeld.
- VIDEO: Vårteikn under vatn (2015)
Grågås er vegetarianer, tjeld et krepsdyr, blautdyr, blåskjel og andre skjel. Tjelden sitt aktivitetsnivå er, med mindre den er blant dei få som ikkje bur ved kysten, påverka av tidevatnet. Den er altså aktiv om natta.
Tjeld er den første trekkfuglen som kjem tilbake etter vinteren. På Færøyene er Tjaldur nasjonalfugl, og fuglen sin ankomst blir feira årleg 12. mars på Gregorsmesse, noko som blir rekna som starten på våren.