Lokal | 12. feb. 2013

Var hissig på foreldre og politi

• Ung mann fengsla etter trugande oppførsel. • Ønskjer tips etter bustadinnbrot.• Utlendingar såg i postkassar.

Var hissig på foreldre og politi
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 12. feb. 2013 09:52

Måndag klokka 21.20 rykte politiet ut på melding om bråk på ei adresse.

– Ein mann i starten på 20-åra var svært aggressiv og utagerande mot foreldra, fortel politibetjent Tom Johannessen.

Mannen roa seg ikkje sjølv om politiet kom til staden.

– Han var trugande også mot politibetjentane. No sit han fengsla og vi tar han truleg ut til avhøyr i dag.

Vedkomande har hatt fleire saker på seg tidlegare.

Sikra spor i Høgehaugen

Torsdag kveld i førre veke kom ein huseigar heim til ein endevend heim i Høgehaugen.

– Vi har sikra spor i form av blant anna avtrykk og DNA frå staden, men er framleis interessert i tips frå publikum.

Dyre smykke er blant det som er sakna frå bustaden.

– Sidan huseigar har vore på reise nokre veker er det uklart kor tid innbrotet har skjedd, men vi har grunn til å tru at det var i førre veke.

Såg i postkassar

Måndag kveld fekk Midtsiden tips om snoking i postkassar i eit nabolag i Os.

– To menn med afrikansk utsjånad gjekk og såg i postkassane.

– Dei kjørte rundt i ein kvit Caravelle med grøne skilt, fortel tipsaren.

– Vi har hatt liknande melding tidlegare, om ein kvit Caravelle, og då viste det seg å vera representantar for eit firma som kjører ut reklame, fortel Johannessen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.