Lokal | 13. apr. 2013

Vanskeleg val for ordføraren

Battle of bygdo: Tidlegare toppskårar (!) for Lysekloster, ordførar Terje Søviknes, har litt problem med å velja farge i dag.

Vanskeleg val for ordføraren
Ordførar Terje Søviknes kjem truleg til å stilla i både gult med svart og kvitt med blått på Kuventræ i dag. Kva "sving" han skal bli plassert i blir opp til arrangørane å avgjera. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 13. apr. 2013 08:33

I dag er dagen for det største lokaloppgjeret i Osbygda til no, seriestart i 3. divisjon avdeling 7 mellom Os og Lysekloster på Kuventræ.

Ordførar i Os, Terje Søviknes, kjem frå Lysefjorden og har ofte vore å sjå på Kuventræ når Os har spelt kamp. Kva supportarutstyr har han på seg i dag?

– Akkurat det er det mange som har spurd meg om dei siste vekene, og eg slit med å velja kven eg skal halda med.

– Eg har følgt Os som toppklubben i bygda, og fått med meg fine opprykkskampar mot Hovding og Austevoll. Og eg har fått med meg Lysekloster sin suverene marsj frå 7. divisjon til 3. divisjon.

Toppskårar med to mål

Sist vi såg Søviknes med ball var då han tapte straffekonk på Kuventræ i pausen i NM-kampen der Os var nær siger over Vålerenga i 2003.

Men ordføraren har også hatt suksess på banen.

– Eg har vore lilleputt-spelar på Lysekloster, og var toppskårar med heile to skåringar ein sesong! Det fortel litt om kor gode vi var.

– Men med ny kunstgrasbane var lysefjordingane lang framfor i utviklinga av heilårsfotballen i Hordaland, minnest han om filten Lysekloster hadde medan andre spelte på grus.

Held ein knapp på ...

– Eg får nok satsa på at den beste vinn i dag, og ikkje minst at begge lag gjer det bra i serien.

– Må nok innrømma at eg held ein knapp på Lysekloster, skal vi tippa 1-2 og siger til Lysekloster?

– Uansett blir det folkefest, og dess fleire lag som gjer det godt i Os dess større er sjansen for at vi etterkvart kan få på plass et lag i 2. divisjon og kanskje på sikt 1. divisjon. Eliten er nok ikkje realistisk for andre enn Brann i Hordaland, men 1. divisjon er absolutt eit realistisk mål!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.