Vann Vårspretten
Handballaget Os jenter 96 tok ein suveren 15-5-siger over Fana i finalen, og forsvarte med det tittelen frå i fjor.
Os hadde to 96-lag med i serien, dei to kom på første- og andreplass i kvar si avdeling. Like etter påske avslutta J96 serien med å slå vinnaren av den andre pulja, Årstad, 20-15 i fylkesmeisterskapet. Men handballsesongen er ikkje over enno.
- 21. april starta innleiande rundar i Vårspretten, som vi også vann i fjor. Vi tok oss greitt fram til sluttspel, med 17-1 som mest suverene siger, fortel ein av trenarane, Torbjørg Brattabø.
Slo heimelaget i semifinalen
Kampane gjekk i Haukelandshallen, og nokre i Bjørnarhallen. I innleiande kampar spelte laga 1 x 2 minutt, i finalane fekk dei 2 x 15 minutt å spela på.
Os tok seg 14. mai vidare til finaledagen 16. mai, og mest motstand fekk osingane då dei møtte arrangørklubben Bjørnar i semifinalen.
- Det blei jamt, men vi leia heile vegen og vann til slutt med to mål, 11-9.
I finalen blei det enkare, Os forsvarte tittelen med 15-5 over Fana. Også i år blei Os-keeper Mariell Aasen kåra til banens beste i finalen.
Treningsvillige talent
Brattabø fortel at jentene er svært treningsvillige. Dei har tre treningar i veka, i tillegg er fleire av dei på to fotballtreningar i veka. Kampar kjem utanom.
- Droppar vi ei trening så tar jentene seg gjerne ein fjelltur. Vi stiller krav til spelarane, og eigentrening er noko dei tar på alvor, fortel Torbjørg.
Meir motstand
Os J96 har vunne 5 av 5 titlar sidan dei i fjor vår byrja med sluttspel. Sjølv om det snart er sommar har dei fleire mål å strekkja seg etter.
- I pinsen skal vi på Storhamarcup på Hamar. Nokre av jentene har vore der med eitt år eldre jenter i fjor, men det er første gong vi reiser til Austlandet for å få motstand til dette laget, fortel Torbjørg Brattabø.
Første helga i juni skal Os J96 til Askøy for å spela eliteturneringa Hurrecup.