Vann tur til Polen
Då Spar på AMFI ville ta alle tilsette med på tur måtte dei setja både ein pensjonist, tidlegare tilsette og to driftssjefar frå kjedekontoret i sving i butikken.
Daglegvarebutikken Spar på Amfisenteret vann intern vervekonkurranse i kjeden då dei fekk inn flest nye Trumf-medlemmar av alle butikkane i kjeden.
Fordelsprogrammet Trumf, som blei starta i 1997, er eigd av NorgesGruppen og har no over to millionar medlemmar.
– Det blir utruleg kjekt å få reisa på tur saman med alle kollegaene, sa Peter Moesgård før han og Susanne Kaland tok siste førebuing før avreise onsdag.
Når du tar samtlege 16 med på tur til polske Gdansk må du kalla inn nye krefter. Eller skal vi seia gamle krefter?
Over 30 års fartstid
Tidlegare kollegaer, fleire av dei heilt tilbake frå Drageset-tida, var ikkje vanskelege å be då Spar-gjengen vann tur.
– Eg pensjonerte meg for tre år sidan, men det er berre kjekt å vera tilbake. Det er hyggeleg å teffa gamle kundar igjen og eg har fått nokre kommentarar frå folk som er overraska over å sjå meg i disken, seier Britt Flister.
Ho har jobba i daglegvarebutikken sidan 1979, då den heitte OK, og var på Amfisenteret til ho gjekk av. Frå onsdag har ho vore i kjøttdisken igjen, saman med blant andre Marianne Fagerthun.
To andre tidlegare Drageset-tilsette, som no er driftsleiarar for Hordaland og Rogaland, Hugo Jentoft og Brynjar Ulvatne, var òg tilbake på golvet desse dagane.
– Oppgåver for kjeden får venta til kveldstid, det er klart vi må hjelpa til, seier Hugo og Brynjar.