Vann skulecup i sandvolleyball
Mari Skogland og Amanda Bøe vann skulecupen i sandvolleyball for Nore Neset ungdomsskule.
Måndag blei skulecupen i sandvolleyball for ungdomsskuler arrangert ved Fysak Allaktivitetshus i Bergen. I den strålande sommarvarmen var det to osingar som markerte seg.
Nore Neset ungdomsskule stilte med juniorspelarane til Søre Neset Volleyball Mari Skogland og Amanda Bøe.
Dei to vann dei innleiande kampane mot Mjølkeråen 2 2-0 (16-14, 15-0), mot Mjølkeråen 2 2-0 (15-11, 15-6) og mot Fusa 2-1 (15-10, 14-16, 10-7).
I semifinalen møtte dei toaren frå den andre innleiande pulja Gimle. Også i semifinalen gjorde dei reint bord og vann 2-0 (15-9, 15-12).
I finalen sto Ytrebygda på motsatt banehalvdel etter å ha slått ut Fusa 2-0 i sin semifinalen. Finalen blei jamnare, men igjen viste paret frå Nore Neset seg sterkast og drog iland sigeren 2-1 (15-5, 16-18, 10-6).
I bronsefinalen trakk Gimle det lengste strået og slo Fusa 2-0 (15-13, 15-8).