Vann riksdekkande kretsturnering
Trenarane for aldersbestemte landslag var blant tilskodarane då Hordaland, med to osingar på banen, viste seg som best av åtte kretslag i 2000-årgangen.
– Å få sjansen til å avslutta kretsløpet med ei stor turnering gjer noko med spelarane ... og trenaren, skriv Magnus Johansson i Hordaland fotballkrets på kretsen sine heimesider.
I helga var åtte kretslag av gutar og jenter fødd i 2000 samla på Sotra.
To frå Os gjekk til topps med Hordaland
På gutelaget var to spelarar frå Os, Harry Moore og Ole Martin Lekven Kolskogen. Kolskogen var henta opp frå 2001-kretslaget.
Her er gute- og jentetroppane.
Jentelaget blei puljetoar og slo Trøndelag i kampen om 3. plass. Rogaland slo Akershus på straffekonk i finalen.
Hordaland vann alle innleiande rundar og sto med 10-4 i målforskjell etter tre kampar. I finalen vann Hordaland 5-2 over Akershus.
Ole Martin skåra 1/5 av Hordaland sine mål
Begge spelarane frå Os fekk bra med speletid og Ole Martin skåra til saman tre mål i turneringa.
«Det å bli tatt ut på et kretslag er stort, men videre er nåløyet trangt. I vår modell i dag er det ikke sikkert at vi fanger opp alle spillere i deres utvikling. Et stor kretslagsturnering hjelper betydelig på her» skriv Johansson.
Landslagstrenar for 2000-årgangen, Erland Johnsen, følgte heile turneringa. For 2000-gutane er Porsgrunn neste store tiltak. Der skal det både bli tatt ut spelarar til ein landslagstropp og rollegrupper som skal danna eit utfordrar-landslag.