Vann prisar i UMM
Elevar frå Kongshaug Musikkgymnas vann finalen i Ungdommens Musikkmesterskap i helga.
23. og 24. januar blei årets Ungdommens Musikkmesterskap arrangert på Musikkhøgskolen i Oslo. UMM er ein meisterskap i framføring av klassisk musikk for alle under 26 år og er arrangert av Norsk Kulturskuleråd, Musikkpedagogene i Norge og Norges Musikkorps Forbund.
For å bli med i den nasjonale mesisterskapen må deltakarane først ha kvalifisert seg gjennom regionale meisterskap.
Vann to prisar
Ensemblet Fløyboba, som består av elevane Astrid Bjelland (fløyte), Gunhild Rebnor (obo) og Gunleik Gisletveit (tuba) gjorde det godt.
Dei vann sin klasse. Premien er at dei får delta på Musikkfestival i Helsingfors, i tillegg til ein pengepremie på 10.000 kroner.
– Vi er veldig stolte av elevane, både av prestasjonen og innsatsen dei har lagt ned for å bli best, seier Oddvar Rotvik, rektor ved Kongshaug i ei pressemelding.
Astrid Bjelland, som speler fløyte, vann ikkje berre som del av ein trio, ho var òg best i sin klasse og som premie får ho delta på ulike konsertar i Europa dette året.