Vann på Voss
Handballjentene til Nore Neset J13 fekk ein flott avslutning på sesongene etter sigeren i Voss Handballcup.
Dei ivrige jentene på Nore Neset sitt 13-årslag har hatt ein tøff sesong bak seg i A-pulja.
– Det har ikkje blitt mange sigrer, så det var heilt fantastisk å vinna på Voss. Det var ein veldig bra avslutning, fortel mor og co-pilot, Karina Lie.
Nore Neset stilte med to J13-lag i turneringa og tok med seg både første- og fjerdeplassen.
– Nore Neset 1 møtte Nordnes i finalen og vann 9-4. Frida i mål varta opp med fleire stjerneredningar. Forsvaret sto bra og hjalp keeper, alle jentene gjorde som dei hadde fått beskjed om før kampen. Dei var rett og slett veldig på.
For det andre Nore Neset-laget blei det diverre tap i bronsefinalen mot Salhus.
– Det har vore ei veldig kjekk helg på Voss. Vi har kost oss veldig på tur, avsluttar Lie.
Nore Neset J12 stilte med to lag. Dei to laga gjekk begge til finalen!