Sport | 27. jan. 2016

Vann på ein dårleg dag

Sigersrekka til volleyballdamene på Søre Neset held fram, trass ein dårleg dag måndag.

Vann på ein dårleg dag
Det blei ein tung kamp for volleyballdamene til Søre Neset, men etter fire sett drog dei sigeren i land (arkivfoto: AH)
Andris Hamreonsdag 27. jan. 2016 09:57

Måndag kveld spelte Søre Neset sin nest siste heimekamp for sesongen. Motstandar var BSI3 som hadde forsterka laget med 2. divisjonsspelarar.

– Vi mangla òg angrepsbautaen vår, men hadde med oss to juniorar som til vanleg spelar på 2. laget, fortel trenar Morten Asphaug.

Søre Neset - BSI3 3-1 (25-20, 25-23, 24-26, 25-17)

Som settsifra syner blei det ein jamn kamp, der Søre Neset måtte ha fire sett for å dra sigeren i land.

– Eirun Kylve, ei av juniorane vi henta opp, fekk fornya tillit frå førre kamp. Ho spelte ei god juniorturnering i helga og spelte heile kampen. I forsvar sleit ho nok litt, men i angrep var ho trygg og gjorde veldig få feil, noko som er veldig viktig sidan angrepsfeil var noko vi ellers hadde meir enn nok av i denne kampen.

– Erika M. Andersen var den andre junioren vi henta opp. Ho blei henta inn som ei forsterking på servefeltet og fekk debuten sin med tre innhopp. Ho hadde nokre susarar av servar som satte motstandarane ut av balanse, skryt trenaren.

Sterk start

Kampen oppsummerar Asphaug med ein god start, men ein dårlegare slutt.

– Vi startar kampen sterkt, men slepp BSI inn igjen på slutten.

– I andre og tredje settet var det feil etter feil, vi blei usikre i forsvar og hadde svake mottak, noko som gjorde det vanskeleg å legga gode ballar til angrepsspelarane våre. Det blir for mange gratisballar i nettet eller over til motstandaren.

– Vi har eindel vi må jobba med framover, men det var no fint å ta sigeren heim på ein dårleg dag, avsluttar trenaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.