Vann ny pris
WT-Festivalen: Helge Hjelland og Arild Mehn-Andersen stakk av med Sølvkvisten.
Laurdag kveld blei årets filmfestival i Os runda av med galla og prisutdeling. Jan Helge Corneliussen styrte som vanleg showet, Stine Kobbeltvedt og Marita Hjelle Salbu sto saman med stødig band for den musikalske delen av underhaldninga.
VI KJEM TILBAKE MED BILDESERIE, VIDEO OG MEIR OM GALLAEN
Det blei delt ut fem prisar på den staselege gallaen. Ny i år var Sølvkvisten, ein tilleggspris WT-arrangærane har hatt lyst til å dela ut i fleire år, 2010 blei første gong.
SJÅ VIDEO FRÅ GALLAEN
HER ER PRISVINNARANE
(Sjå alle nominerte på wt-fesivalen.no)
Beste kortfilm: Mi Otra Midad (Spania/Min betre halvdel)
Regi: Beatriz Sanchis
Beste dokumentar: Europas Bakgård
Regi: Ida Kleppe
Jyryen seier: Vinnarfilmen er estetisk gjevande og vakkert filma, ein dokumentar som set søkjelyset på sterke kontrastar i ein kultur både nær og fjern vår eigen.
Beste langfilm: Second Times of Troubles (Canada)
Regi: Erik Andersson
Juryen seier: Ein kjenslemessig berg-og-dalbane av ein film med fascinerande karakterar.
Sølvkvisten: Den Umulige Reisen
Regi: Arild Mehn Andersen
Juryen seier: Gjennom ufattelege forteljinger, med livet som innsats, følgjer vi med på ei nærmast episk reise som best kan samanliknast med dei store reiseforteljingane frå 1800- og 1900-talet, som Henry Morton Stanley, Bruce Chatwin og vår eigen Helge Ingstad.
WTs ærespris: Kjetil Omberg