Vann i tøff kamp
Osdamene vann fortjent 25-23 då dei slo Stord heime torsdag kveld. - Eg er nøgd med jentene, men synest Stord fekk spela i overkant stygt, seier Erlend Lyssand.
Handballdamene til Os spelte sesongens nest siste heimekamp då dei tok imot Stord i Oshallen torsdag. Sjølv om sesongen går mot sluten viste jentene at dei framleis har sprut i beina og sprang lenge frå motstanderane.
- Eg er veldig nøgd med førsteomgangen og ei god stund av andreomgangen.
- Jentene speler i dei periodene veldig bra, skryter Ostrenar Erlend Lyssand.
Fekk lov til for mykje
Siste halvdel av andre omgang set Os litt for mykje brems på og slepp Stord innpå seg frå åtte mål framfor til to mål når dommarane bles av for full tid.
- Vi lar oss nok òg påverka av at Stord speler stygt.
- Det dei viser fram har ingenting med hardt spel å gjera, dei er rett og slett stygge etter mi meining, med etterslengarar og halding, forklarer ein skuffa Erlend Lyssand.
Madde styrte
Erlend Lyssand skryter spesielt av søskenbarna Madeleine "Madde" og Tonje Hjertnes.
- Madde har verkeleg kome tilbake etter kneskaden ho fekk i haust og styrer spelte meisterleg i dag.
- I tillegg skal Tonje ha skryt for ein god kamp. Ho er god med mykje høg fart som Stord-spelarane ikkje heng med på.
Imponert er Lyssand og over dei to keeperane som debuterte i 2. divisjon sist helg mot Fyllingen.
- Både Hanne Sørstrønen og Marlene Hauge Sund gjer ein god jobb bakerst, skryt Lyssand.
Gler seg til Jotun
Sesongen blir avslutta laurdag 23. mars med heimekamp borte i Haukelandshallen mot seriemeister Jotun.
- Vi gler oss stort til å vera ein del av handballgallaen i Haukelandshallen.
- Det at vi ikkje får spelt mot Jotun heime i Oshallen, men skal møta dei som sesongavslutning i 2. divisjon i et fellesarrangement er heilt greit.
- Jentene er i god flyt og skal gje gass mot Jotun, lovar Lyssand som håper det trufaste Ospublikumet tek turen til byen laurdag om vel ei veke.
Os-Stord 25-23 (14-8)
Utv: Os ingen, Stord 3x2 min
Os sitt lag: Marlene Hauge Sund, Hanne Sørstrønen, Irene Tangerås (2), Madeleine Hjertnes (7), Anna Bjørke Kallestad (4), Tonje Hjertnes (3), Emilie Hjertnes (3), Maria Stangeland Lunde, Marte Øvreeide (3), Elise Hjelle (3), Vilde Fyllingen.