Sport | 06. mai 2013
Vann heat i Vikedal
Karoline Breivik fekk rose for god bilcross-kjøring i Vikedal før helga.
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 06. mai 2013 09:45
Bilcrosskjørar Karoline Breivik frå Os fekk ein spennande start på sesongen då ho rulla rundt på Eikås i april.
Les òg: Karoline tok ei rulle (sjå video)
Men bilen og Karoline kom seg på hjul igjen, fullførte på Eikås og var klar for ny konkurranse 1. mai, då i Vikedal.
– Det gjekk veldig fint. Eg fekk to 4. plassar og ein 1. plass. Med 1. plassen følgte ei rose, fortel Karoline nøgd.
Ho kom i 3. sporet i C-finalen, der ho fekk ein 5. plass. Samla sett blei det 15. plass blant 29 startande juniorar.