Vann «Golden Gods»
Immortal er tildelt Metal Hammers prestisjetunge «Kawasaki Golden Gods».
Immortal blei i helga tildelt «Kawasaki Golden Gods» av Metal Hammer.
Prisen er som Grammy for hardrockarar, og Immortal var nominert i kategorien «Best Underground Artist» saman med Ov Hell (norsk), Shrinebuilder, Gama Bomb og Black Spiders.
Ekstern lenkje: metalhammer.co.uk
Immortal blei nominert til Spellemannsprisen tidlegare i år, men takka nei til nominasjonen. Golden Gods er noko anna, her er dei i rett sjanger og stemt fram av tusenvis av fans over heile verda.
Hellfest til helga
I september i fjor kom Immortal med sitt åttande studioalbum. «All Shall Fall» blei godt mottatt og Immortal har eit tettpakka festivalprogram i sommar.
I vår spelte dei blant anna i Toronto og Los Angeles, til helga står franske Hellfest for tur og seinare går turen til Belgia, Slovenia, Tyskland, Russland og Nederland.
Immortal speler i beste sendtid på dei største scenane og figurerer som trekkplaster saman med band som Kiss, Motörhead, Alice Cooper og Slayer.
Den einaste konserten i Noreg i nærmaste framtid blir Norway Rock Festival i Kvinesdal 8. juli.