Vann gjev senterpris
Amfi Os best av alle Amfi-sentra på felleskampanjer i 2015. Blei kåra med pris.
Då senterleiinga for alle dei 60 Amfi-sentra i Noreg var samla i førre veke blei senterleiar Silje Lygre og marknadskoordinator Anette Brunvatne ropt opp for å motta prisen for å ha vore best på felles kampanjer totalt gjennom heile 2015.
Til grunn for kåringa er nøkkeltal for omsetning for alle kampanjer i Amfi.
– Vi er særs stolte over at Amfi Os fekk denne utmerkinga. Vi må sjølvsagt rette ein stor takk til alle kundene som vel å legga handleturen til os, men også til butikkane som engasjerar seg i kampanjene og på den måte er med på å skapa ei hyggeleg atmosfære og god vekst på senteret, skriv dei to i ei pressemelding.
Gir ære til Anne Kristine
Silje Lygre tok over som senterleier i november i fjor og gir mykje av ære til tidlegare senterleiar Anne Kristine Tøsdal.
– Det er Anne Kristine som, saman med Anette, har gjort ein formidabel innsats og jobba godt med kampanjene til Amfi i løpet av 2015.
– Ein slik pris heng høgt. Det å vinna den gjer både senterleiinga og butikkane inspirerte til å helde fram med det gode samarbeidet vi har på senteret. Hittil i år ser det allereie svært lovande ut, avsluttar Lygre.
Prisen blei feira under den årlege sommarfesten for butikkane på senteret i helga.