Vann 17-0!
Norway Cup 2012: Os G14 måtte vinna 15-0 for å gå til A-sluttspelet. Dei 16 siste måla kom i løpet av 29 minutt.
Os smågutar 14 starta Norway Cup med 0-2-tap for Ullensaker/Kisa 1, men følgte opp med å dominera kampen mot Grüner, utan at det blei meir enn eitt poeng.
I dag var det kamp mot Molde 3, eit lag dei to andre motstandarane hadde slått 15-0 og 13-0.
Derfor måtte Os vinna 15-0. I tillegg var dei avhengige av av Ullensaker/Kisa 1 slo Grüner.
– Ullensaker/Kisa leia 2-0, men så blei det 2-2. Rett før slutt kom heldigvis 3-2-skåringa, fortel Tore Kleppe, som er med og trener Os G14.
Så var det oppgåva til Os: Å skåra 15 mål på bestilling, på 40 minutt, er ikkje berre enkelt, sjølv om motstandaren er svak.
– Vi skåra 1-0-målet raskt, men det gjekk 11 minutt før vi auka til 2-0, fortel kaptein og kretslagsspelar Ola Lekven Moberg.
Så var skåringsmaskineriet i gang, smågutane skåra til saman 16 mål på dei siste 29 minutta.
– Gutane var ekstremt effektive, dei sprang inn i mål og henta ballen etter skåringane, og opp og la den på midtbanen. I tillegg hadde vi litt ballgutar ståande rundt banen, så det blei mest mogleg spel, fortel Kleppe.
Os G14 kom på 2.plass i pulja og møter Start i 1/32-finale onsdag klokka 16.30.