Lokal | 15. okt. 2013

Valtyrson til Vedholmen

– Vi er veldig spent. Det er første gong vi presenterer arbeid av kunstnaren Erling Valtyrson, fortel innehavar Vibeke Harild.

Valtyrson til Vedholmen
Utsnitt av Valtyrson-grafikk. 
Kari M. Lyssandtysdag 15. okt. 2013 22:12

Laurdag er det vernissage med Valtyrson i Vedholmen Galleri, med Valtyrson, som arbeider som grafikar og er kjent internasjonalt for sine grafiske verk.

Mezzotint-mester

Teknikken mezzotint er ifølgje Harild blitt Erling Valtyrson sitt varemerke, og han er internasjonalt anerkjent for sin teknikk.

Han arbeider innan ei rik motiv-verd, med blant anna stillebein, landskap og portrett.

- Motiva hans hentar referansar frå surrealismen, flamske vanitas og den tradisjonelle landskapstradisjonen, seier Harild.

Valtyrson er utdanna ved Statens Kunst- og Håndverksskole i Bergen og det Vestlandske Kunstakademi i Bergen.

Lokale komponistar

- Med ei rekke utstillingar i inn-og utland, blant anna på Arsène Bonafous-Murat, Paris, Frankrike, Olimpa Theodoli i New York, og Artgraph i Nagoya, Osaka, og Kobe i Japan, i Canada og i Polen, har han blitt eit internasjonalt namn.

Erling Valtyrson er representert i samlinga til blant anna Nasjonalmuseet for Kunst, Norsk Kulturråd, Bergen Kunstmuseum, Rogaland Kunstmuseum og Musee Jenisch, Cabinet des Estampes, Sveits.

– Til opninga kjem òg to av våre lokale komponister, Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo, som fargar bygda vår i flotte tonar, og som står for musikalsk stemning under vernissasjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.