Valresultat: No er alle stemmene inne
Val 2019: Her er resultatet når dei siste stemmene er tatt med.
Etter at alle stemmene var talte opp valkvelden måndag 9. september, viste det seg at det var rundt 200 for seint innkomne stemmer.
Dette skal vera nokre fleire enn normalt.
Frist for slike tilsendte stemmer sin ankomst er klokka 17 dagen etter, og frå klokka 17 til litt over klokka 18 i dag har desse blitt sorterte og talte opp.
Det viste seg å vera 209 stemmer.
Resultatet er no oppdatert på den offisielle sida valgresultat.no - og på NRK.no.
Inga endring i mandat
Både Venstre, som mista sine to mandat, og Sp, som mista eitt mandat til Ap då Os sentrumsom siste krins kom med, var nær på å vinna tilbake eit mandat.
Men ingen av dei fekk kjempa til seg noko i siste oppteljing.
Det kom inn 13.317 stemmer av 18.694 med stemmerett, noko som gir frammøteprosent på 71,6 % (mot rundt 67 % både i Os og Fusa i 2015).
4.987 av desse kom som førehandsrøyster.
Blanke stemmer: 101
Forkasta stemmer: 39
Les òg:
• Resultat - krins for krins
• Mista fleirtalet etter 20 år
• VIDEO: Reaksjonar på dei første resultata
• Resultat - om ikkje Fusa og Os skulle slå seg saman
Nytt valresultat
Stemmene skal innan onsdag til Vestland fylke for kontrolloppteljing. Torsdag kjem endeleg valresultat.
Etter teljing av dei siste 209 stemmene gjekk dei tre største, Frp, Ap og Sp, litt ned.
MDG, KrF og SV gjekk litt opp.
(Resultat før teljing av siste 209 stemmer i parantes)
TOTALT - BJØRNAFJORDEN KOMMUNE*
Frp 31,9 % (4.222 stemmer, 32,1 %) - 12 mandat
Ap 20,8 % (2.755, 20,9 %) - 8 mandat
Sp 15,1 % (2.001, 15,2 %) - 5 mandat
Høgre 13,5 (1.784, 13,5 %) - 5 mandat
MDG 9,1 % (1.198, 8,9 %) - 3 mandat
KrF 3,7 % (484, 3,6 %) - 1 mandat
SV 3,0 % (391, 2,9 %) - 1 mandat
Venstre 1,9 % (253, 1,9 %) - 0 mandat
Raudt 1,0 % (128, 1,0 %) - 0 mandat