Lokal | 26. feb. 2014

– Valkampen lokka

May-Britt Haringstad Mjøs ny leiar i Os Høgre. – Lysten til i bidra mot neste val blei for stor.

– Valkampen lokka
May-Britt Haringstad Mjøs saman med to unge høgre-representantar under ein tidlegare valkamp på Os vidaregåande skule (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 26. feb. 2014 12:02

Ein spennande valkamp fram mot kommunevalet om halvanna år blei for fristande då May-Britt Haringstad Mjøs fekk spørsmål om ho kunne tenkja seg å bli leiar for Os Høgre.

– Eg er gira på at Os Høgre skal få den neste ordføraren.

– Det har eg lyst til å gjera mitt for. Det er no den gøye jobben fram mot valet byrjar, fortel den nyvalde leiaren.

På tide med ei kvinne

Mjøs tek over leiarvervet etter Børge Lunde.

– Eg skal ikkje leggja skjul på at ein anna medverkande årsak var at eg tykte det var på tide med ei kvinne i leiarstolen.

– No har lokalpartiet vore styrt av menn lenge nok, smilar Mjøs.

Starta Unge Høgre

Politisk aktiv har Mjøs vore sidan ho meldte seg inn i partiet i 1989.

– Eg var med å fekk igang Os Unge Høgre og var aktiv der fram til 1991-92.

– Etter det hadde eg forskjellige styreverv før det blei ei pause.

– For tre år sidan fekk eg spørsmålet om eg kunne tenkje meg å stå på lista for Høgre til kommunevalet.

– Det passa bra i høve til resten av livet mitt, så eg takka ja, fortel Mjøs som i dag sit i Råd for menneske med nedsatt funksjonsevne (tidlegare kjend som Råd for funksjonshemma), i styret for Oseana KF og som vararepresentant til Plan- og bygningsutvalet.

Med seg i styret får Mjøs Olav Kvinge som nestleiar og styremedlemma Bjørn Sivertsen, Rolv Tveit, Ståle Skaathun, Marianne Kramer og Emil T. Brimsholm. Varaordførar Marie Bruarøy møter òg på styremøta i eigenskap av gruppeleiar for partiet i kommunestyret.

Vararepresentantar til styret er Kathrine Haugland, Erik Vågen og Audun Rainer Busch Bonnier.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.