Vald og trugslar
Politiet: Jente gripen etter å ha truga bebuarar og personell på institusjon. To tatt etter alvorleg valdsak, ein kasta av bussen etter uvøren oppførsel.
Tysdag kveld måtte politiet rykka ut til ein barnevernsinstitusjon i kommunen.
– Ei av bebuarane truga dei andre som bur der og personalet med kniv.
– Ho blei gripen og satt i arresten, før ho blei avhøyrd i går, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Jenta blei overlatt til barnevernet for vidare oppfølging etter avhøyret.
Politiet hjalp også barnevernet med å tilbakeføra ein annan person som hadde rømt frå institusjonen vedkommanede var plassert i.
To tatt for vald
Tysdag kveld tok politiet ei ransaking og greip to personar på Søfteland i samband med ein alvorleg valdssak.
– Dei skal ha utøvd vald mot ein annan person for nokre dagar siden.
– Dei to har blitt avhøyrd og blei dimitert, seier Sperrevik.
Også på Halhjem fekk politiet melding om vald tysdag, men valdsutøvaren var forsvunnen frå staden før politiet rakk fram.
Ville ikkje betala, skapte seg
Ein passasjer på Kystbussen fekk personleg transport tysdag etter å ha skapt bråk på bussen.
– Vedkommande var berusa, skapte seg og ville ikkje betala for bussturen.
– Sjåføren nekta å ha han med på bussen og tilkalla oss. Vi køyrde han til drukkenskapsarresten, fortel politioverbetjenten.
Nabo-diskusjon og laus hund
I løpet av tysdagen fekk òg politiet melding om nokon som gravde ei grøft ved/på eigedommen til naboen og ein laus hund som løp i Kuvågvegen.
– Då vi var oppteken med avhøyr i andre sakar, hadde vi ikkje kapasitet til å rykke ut på desse sakene.
Passautomaten som har vore ute av drift på lensmannskontoret skal no vera i funksjon igjen, men er noko ustabil.