Lokal | 13. jan. 2012

Vakkert fargespel

Iskrystall og låg sol gav vakkert fargespel på Os-himmelen fredag morgon. Helga blir fin.

Vakkert fargespel
Lyset leika seg på himmelen fredag morgon (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 13. jan. 2012 09:39

Midtsiden fekk fredag morgon tips av fleire av lesarane våre om at vi burde koma oss ut og sjå på himmelen. Ganske rett var det eit fantastisk skue av fargar, som ei openberring av to ovale regnbogar med blå himmel i midten.

- Det er perlemorskyer og iskrystallar i desse som lager fargespelet, opplyste Vêrvarslinga på Vestlandet då vi tok kontakt.

Perlemorsskyene ligg mellom 20 og 30 kilometer frå jorda og blir danna på høge breddegradar om vinteren i samband med sterke luftstraumar over fjell.

- Det som skjer er at lyset frå ei låg sol blir brote av krystallar i skyene, akkurat som om lyset går gjennom ei prisme.

- Skyene ligg der like gjerne heile døgnet, men det er når sola står rett under horisonten fenomenet best kan sjåast, forklarar meteorologen.

Overskya opphaldsvêr

Helga ser òg ut til å bli av det fine slaget.

Meteorologisk institutt melder om svak vind/laber bris både laurdag og sundag. Temperaturane skal ligga rundt 0 gradar og himmelen blir overskya.

Det ser i skrivande stund ikkje ut som det skal koma særleg med nedbør, men meteorologane er ikkje heilt sikre.

For Hordaland åtvarar meteorologane fredag mot lokalt vanskelege køyretilhøve som følgje av nordvestleg kuling og snøbyger.

Sjå helgevarselet for Os på Yr.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.