Uvisse om søndagshandel
Blir det fleire søndagar med stengt Joker i Os sentrum? Korleis er det med dei andre søndagsopne daglegvarebutikkane i Os kommune?
Bakgrunnen for at Joker Os Sentrum har stengd dørene på søndager og helligdagar er at dei, saman med arbeidsgjevarorganisasjonen Virke og arbeidstakarorganisasjonen Handel og Kontor, og daglegvarekjedene Kiwi, Meny, Spar, Matkroken, Bunnpris, Nærbutikken og Coop, har signert det dei kallar Søndagsplakaten.
Her er formålet mellom anna er å sikra lik og felles praktisering av lova mellom alle kjedene.
– Det er kjeda sentralt som har tatt initativ til denne gjennomgangen av arealet. Vi er naturlegvis interesserte i å følgja regelverket, fortel Anette Grønby Rein, informasjonsansvarleg i Kjøpmannshuset Norge AS som eig Joker-kjeda.
Uvisst kor lenge dei blir stengt
Kor lenge butikken i sentrum vil halda stengt på søndagar og helligdagar er førebels uavklart.
– Joker Os sentrum opnar igjen når vi har forsikra oss om at butikken sitt lokale er i henhald til gjeldande reglar opningstider. Enn så lenge er det uavklart kor lenge den vil halda søndagsstengt, seier Rein.
Dei andre er opne
Den andre Jokerbutikken i Os, på Søfteland, held ope som vanleg. Det gjer også søndagsbutikken til CoopXtra på Amfi og Bunnpris Vedholmen i Øyane.
– Våre lokale er innanfor regelverket, så vi held ope som vanleg søndager og helligdager, seier Kenneth Lyssand i Coop.
– Vi er òg innanfor kravet til Brustadbuene. Faktisk hadde vi søndagsope lenge før dette regelverket blei innført, fordi vi ligg på ein turistplass og av den grunn kan halda ope, fortel Inglaug Brimsholm hos Bunnpris Vedholmen.