Politi | 28. juni 2013

Uvettig traktorkøyring

Politiet rykte i går ut etter ei melding om uvettig traktorkøyring, og ein person som blei stoppa for promillekøyring viste seg å vera etterlyst av fengselsvesenet.

Uvettig traktorkøyring
(Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kari M. Lyssandfredag 28. juni 2013 12:19

- Vi fekk torsdag telefon frå ein som meinte at to ungdommar køyrde for fort med traktor, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Politiet rykte ut, men traff ikkje på ungdommane.

Var etterlyst

En mann blei stoppa på moped etter mistanke om promillekøyring. Det blei funne narkotika på mannen og det viste seg at han var etterlyst av fengselsvesenet så han blei overlate til dei.

- Vi rykka også ut etter melding om mistanke om narkotikabruk på Amfi Os, og to personer blei tatt med tabletter på seg.

Politiet vurderer å anmelde ein person etter å ha ringt nødtelefonen på feilt grunnlag.

- Nødtelefonen skal brukast til nødstilfeller og ikkje fordi ein søkjer kontakt, seier Sperrevik.

Hold avstand

Natt til i dag fekk politiet melding om ruteknusing i sentrum.

- Ein restaurant i Os fekk knust ytterste ruta si og ein mann i tjueåra er observert springande frå staden.

Som Midtsiden skreiv i går gjekk svana Hamnesjefen til angrep på ein gutt i gummibåt i Os hamn.

- Politiet fekk melding om hendinga og ber publikum vera obs på dette og ikkje gå for tett på svanene, seier Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.