Næringsliv | 07. jan. 2015

Utviding i Jordmorsvingen

Etter 20 år åleine har Biovac- og varmepumpemontør Torbjørn Engelsen fått godt selskap i nytt firma.

Utviding i Jordmorsvingen
F.v.: Torbjørn Mikal Engelsen saman med Kathrine Lunde, Martin Taranger og Joachim Bruarøy Risøen. I tillegg jobbar Øystein Nordvik for selskapet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. jan. 2015 09:15

Torbjørn Engelsen hadde jobba i sju år for Biovac då han i 1995 byrja for seg sjølv, med Biovac-agentur og ansvar for sal, installering og service i Midthordland. Frå 2000 til 2005 hadde han også hytteutstyrsbutikk på Moberg, men den måtte vika for travlare dagar ute i felten.

– Biovac-butikken blei for stor for éin mann. Eg har 500 kundar i Os, Fusa, Tysnes, Askøy og Kvinnherad som skal ha 2-3 servicar i året, det utgjer omtrent to årsverk, fortel Torbjørn om utvidinga og etableringa av Alti Miljøteknikk AS.

–I tillegg auka salet og oppdraga med service på varmepumper. Varmepumper bør få vedlikehald kvart 2. eller 3. år, og dette er det stadig fleire som byrjar å forstå. Med godt vedlikehald får du betre effekt, mindre støy og lengre levetid på pumpa.

Fem tilsette

Med seg på laget fekk han omskulert fotograf Martin Taranger. I fjor stifta dei Alti Miljøteknikk AS og flytta inn i Jordmorsvingen, som nabo til Os Auto.

– Vi er heldige og har med oss både læreguten Joachim Bruarøy Risøen og den pensjonerte politimannen Øystein Nordvik som seljar.

– No har vi nyleg utvida med Kathrine Lunde som fast varmepumpemontør og servicearbeidar i halv stilling.

Kjente, trygge varemerke

Engelsen har tatt Biovac-kundane med seg inn i nytt firma.

– Biovac er heilnorsk avlaupsreinsing for spreidde bustadområde. Hyttefolk er ei viktig kundegruppe, men det er faktisk flest bustadar blant kundane.

Alti Miljøteknikk vil bygga eigen Biovac-utstilling i lokala i Jordmorsvingen. Med tida kan dei også koma til å utvida utvalet med hytte- og miljørelaterte varer.

– Vi kunne også ha utvida utvalet i varmepumper, men førebels held vi oss til Toshiba. Dei er kjent for å halda svært høg kvalitet, dei har gode garantiar og dei er ein leverandør som leverer og er lett å samarbeider med, synest Torbjørn Engelsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.