Lokal | 12. feb. 2013

Utvidar småbåthamn

Os båtklubb får løyve til å utvida småbåtanlegget i Vargavågen frå 78 til 94 båtplassar.

Utvidar småbåthamn
Vargavågen i dag, tysdag 12. februar 2013 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 12. feb. 2013 11:09

Bergen og Omland havnevesen handsamar på vegne av Os kommune sakar som fell inn under havne- og farvannsloven. I førre veke gav dei Os båtklubb løyve til å utvide sitt anlegg i Vargavågen frå dagens 78 båtplassar til 94 plassar.

I samband med søknadane har naboar på motsatt side av vågen kome med merkander om at dei tykkjer anlegget strekk seg for langt ut i vågen etter utvidinga som strekk seg 10-15 meter lengre ut frå land enn dagens bryggeanlegg.

Hindrar ikkje ferdsel eller sikkerheit

Hamnevesenet seier i si vurdering at ei slik utviding etter deira meining ikkje vil utgjera ei vesentleg hindring eller fare for sikkerheiten til sjøen.

Det vil på det minste vera omlag 70 meter farvann til andre sida av vågen.

Anlegget vil beslaglegge en stor del av vågen, slik det også gjør i dag. Det vil imidlertid ikke ytterligere vanskeliggjøre tilflott til naboeiendommer. En utvidelse vil heller ikke i særlig grad påvirke sikkerheten eller fremkommeligheten i vågen.

Etter en vurdering i henhold til formålet med loven er Bergen og Omland havnevesen kommet til at tiltaket ikke vil komme i konflikt med alminnelig ferdsel eller sikkerhet til sjøs.

Vi gjør oppmerksom på at den private eiendomsretten må respekteres, noe som innebærer at tiltak utenfor egne eiendomsgrenser også krever samtykke fra grunneier av eventuelt berørt eiendom, skriver havnevesenet i sitt vedtak.

Reduserte frå fire til tre

I den opprinnelege planen ønskja Os båtklubb å utvida anlegget til fire brygger med tilsaman 118 plassar. Etter samtaler med grunneigarane blei dette redusert til tre brygger.

Båtklubben har siden 2005 hatt inntaksstopp for nye medlemmar då dei ikkje har hatt kapasitet til å ta imot nye båtar. Dei er i dag 115 medlemmar.

Utvidinga er i tråd med den nye arealplanen for Os kommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.