Utvidar jakta
Både jaktsesongen og antal fellingsløyver er utvida når hjortejakta byrjar laurdag.
Kommunestyret vedtok i mai ny forskrift om minsteareal for jakt på hjort i Os kommune kor dei reduserte minstearealet frå 600 til 450 dekar.
- Det blei gjort for å freiste å redusera bestanden med 30%, fortel Johan Bergrud på landsbrukskontoret.
Som ei følgje av redusert minsteareal har antal fellingsløyver auka frå 167 dyr i 2011 til 238 i 2012. Det blei i 2011 skoten 152 dyr i Os kommune.
Sist ein hadde ei slik auke var i 2009 då minstearealet blei redusert til 600 dekar og fellingsløyvene auka frå 116 til 156.
Fellingsløyve per vald, 2012:
Austre Osbygda grunneigarlag: 46
Gåssand hjortevald: 5
Kalvatræ hjortevald: 2
Haugland hjortevald: 10
Moldegård hjortevald: 2
Øvredalen hjortevald-V23: 23
Os Vest hjortevald: 150
Utvida sesong i hele landet
Direktoratet for naturforvatning har samstundes utvida jaktsesongen på hjort til å strekke seg frå 1. september til 23. desember.
- Tidlegare var sesongen frå 10. september til 15. november.
- Utvidinga kjem mellomanna for at jaktlaga skal få større sjans til å ta ut heile kvoten.
- I eindel områder trekk hjorten vekk tidleg på hausten, i andre områder kjem den seint. Ved å utvida i båe ender håpar direktoratet at ein skal få ei betre forvalting av bestanden, forklarar Bergrud.
Slaktevekt som resten av regionen
Sidan 2009 har landbrukskontoret i Os, Fusa og Samnanger registrert slaktevekt på dei felte dyra.
- Den ligg jamt over på normalen for regionen.
Registrert slaktevekt (2009/2010/2011):
Hunnkalv: 25,3/22,6/26,2
Hannkalv: 23,5/26,3/25,8
Hunn 1,5 år: 43,7/46,4/45,2
Hann 1,5 år: 43,4/49,9/47,6
Hunn eldre: 56,4/58,6/56,9
Hann eldre: 86,6/90,6/83,2