Utvida graving i sentrum
Arbeidet med V/A-anlegget i sentrum har avdekka stor fare for lekkasje. No blir også Brugata gravd opp.
I slutten av april blei første spadetak tatt - Osøyro skal få nytt dekke, som del av Liv på Øyro-prosjektett til Os kommune, men først må røyra i grunnen sjekkast og skiftast.
I utgangspunktet skulle Øyro (gata med namn Øyro, ikkje heile sentrum), Torget og Torggata bli gravd opp for nye røyr i første omgang.
Arbeidet er no i sluttfasen og Torggata er stengt.
Tar Brugata i same slengen
Men gravearbeidet har avdekt at vass- og avløpsrøyra i sentrum er i svært dårleg forfatning, noko som gjev stor fare for lekkasjar.
– Difor vel vi òg å skifta vass- og avløpsrøyra på den vidare strekninga rundt svingen frå bankbygget og inn i Brugata. Vi gjer dette for å sikra vassforsyninga og avløpshandteringa til alle som bur og arbeider i sentrum, seier prosjektleiar Tore Andersland i Os kommune i ei pressemelding i dag.
Gravearbeidet i Brugata vil starta opp tidleg i september.
– Det vil truleg bli naudsynt å stengja delar av gata for biltrafikk i enkelte periodar, men dette vil bli varsla i forkant og omkøyring vil bli skilta.