Utvida glasmeister ved Oselvo
Glassmester Helge Austevoll AS viste fredag dei nyoppussa lokala sine i Finnebrekka.
I desember 2012 kjøpte Glassmester Helge Austevoll AS produksjonslokala til Kleiven i Finnebrekka. Fredag denne veka var oppussinga ferdig og dei kunne ønskja kundar og samarbeidspartnarar velkomen til opning.
– Det har tatt eit års tid, og mesteparten av tida dei siste tre vekene, ler Helge Austevoll, som eig firmaet saman med Frank Hjelle.
– Det heile tok av då vi var til Sverige og henta ei ny slipemaskin for vindauge og speil. Då måtte vi få kledd veggane før vi kunne ta den i bruk.
Planen var at det skulle gå litt fortare med oppussinga, men stor pågang av arbeid har gjort at tida til å prioritere eigne lokaler ikkje har vore der.
– Vi måtte få nokre tømrarar inn for å ta seg av isolering av inngangspartiet og for å setja opp ny kledning
– Glassarbeida har vi sjølvsagt gjort sjølv.
Flottaste pauserommet i Os
Ombygginga har vore omfattande, med riving av fleire kjølerom og opning av lokala ut mot elva.
– Det var jo ein fantastisk flott teglsteinsmur bak kjøleromma, så den har vi henta fram att.
– I tillegg har vi rehabilitert taket på utbygget som låg ned mot elva. Der har vi vel fått ein av dei finaste pauseromma i Os sentrum.
– Det skal bli heilt greit å sitja på terrassen og eta lunsj ein fin sommardag.
– Men fiskerett har de ikkje?
– Nei, vi må nok klara oss med å sjå på laksen som går opp elva, smiler Frank Hjelle.
Vil bli lærebedrift
Då Midtsiden besøkte firmaet etter at dei overtok lokala i desember 2012 var det berre dei to eigarne som var tilsette, men ei nytilsetting var på gang.
– No er vi fire. Med oss har vi fått Steffen Nordvik og Stein Harald Aasebø, fortel Hjelle, om firmaet som i fjor omsette for vel 6 millionar kroner.
– Vi håper òg at vi til hausten skal kunna tilsetta ein i lære.
– Bransjeforeininga er i dialog med Os vgs, så eg håper vi kan tilby ein av elevane der plass frå hausten.
– Vedkomande må ha gått 1. klasse på byggfag. Deretter blir det tre år hos oss, kor ein samstundes går på glasfagskulen på Kongsberg i korte perioder, forklarer Helge Austevoll.
Nyttar lokal leverandør
I tillegg til ulike formar for glasarbeid driv firmaet med automatikk, røyklukeventilasjon, aluminium og solskjerming.
– Det har gått ein del i solskjerming, særleg screendukar som heng på utsida av vindauga, for eksempel på skular og barnehagar.
– Der har vi eit godt samarbeid med Løfi Markiser, Maling og Interiør AS på Flåten, som gjer mykje av monteringa for oss, fortel Frank Hjelle.