Kultur | 02. feb. 2016

Utstilling blir henta til Oslo

Oseana-utstillinga med ekteparet Krohn "eksporterast" til Oslo. – Det er veldig morosamt at den lever vidare.

Utstilling blir henta til Oslo
Marianne Gathe, då ho hang opp Krohn-utstillinga i Griegsamlinga. No blir den hengt opp på ny i Oslo (foto: Ørjan Håland)
Andris Hamretysdag 02. feb. 2016 09:37

I september opna Oseana den første separatutstillinga med det norsk/russiske ekteparet Xan Krohn og Julie de Holmberg. I samband med utstillinga fekk dei Karin Lien, som frå før hadde skrive hovudfagsoppgåve om ekteparet, til å skriva om hovudoppgåven til ei bok.

No blir både store delar av utstillinga.

– Det er veldig morosamt at ei utstilling som vi skapte her i Oseana lever vidare andre stader i landet. Innehavaren av Oslo Kunsthandel var her og såg utstillinga og ville ha den til Oslo, så 11. februar er det nyopning av utstililnga. Vi er ikkje involvert på anna måte enn at vi har bileta i magasinet vårt, så han kjem hit for å låna bileta som er eigd av Per Grieg sr, Birger Mowinkel og Oleg Poleviken, fortel kurator Marianne Gathe.

Skapte ideen om bok

I tillegg til at hovudstadsfolket no skal få ta del i utstillinga med ekteparet som var høgt akta i Russlands kunstmiljø, men som aldri fekk den annerkjenninga dei fortente i det norske, blir boka Karin Lien skreiv til utstillingsopninga i Oseana, «Xan og Julie Krohn – liv og kunst. Kosmopolitter i medgang og motgang» relansert i Oslo.

– Boka kom til etter at eg og Ole Tobias (Lindeberg, Oseanadirektør, journ.mrk) var og presenterte planane for hausten for Per Grieg sr i fjor vår. I ei bisetning kom eg til å nevna at eg kjente til Karin Lien som hadde skrive hovudoppgåve om Xan og Julie. Per responderte med at kanskje ho kunne skriva om den til ei bok og ba ho søka Griegfoundation om midler. Det fekk ho, og til opninga i september blei boka given ut.

– Det er første gang ei utstilling som har blitt skapt her på huset, blir eksportert på denne måten. Ei ny og kjekk oppleving, avsluttar Gathe.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.