Lokal | 17. aug. 2014
– Utsett for grov vald
Politiet etterforskar to valdssaker etter hendingar i Os natt til søndag.
Kjetil Vasby Bruarøysundag 17. aug. 2014 09:43
Søndag morgon rykte politiet ut til ei privat adresse i Os.
– Det har vore to grove valdsepisodar i natt, fortel politibetjent Anne Lyssand.
Politiet er no på legevakta med eit offer.
I det eine tilfellet er det snakk om familievald, dei to involverte er ei kvinne og ein mann.
I tillegg sit det ein mann fengsla i Bergen etter den andre valdsepisoden.
– Vi kjem til å ta fleire avhøyr i løpet av dagen i dag, seier Lyssand.