Utlyser P-konkurranse
No skal parkeringshus og kollektivterminal teiknas på Osøyro. Tre arkitektfirma er invitert.
Fredag sendte Os kommune ut invitasjon til Arkitektgruppa Cubus, Link Arkitekter og ABO Plan og Arkitektur om å gjera framlegg til korleis den kombinerte kollektiv- og parkeringsterminalen på Osøyro kan utformast.
– Det blir avholdt oppstartsmøte 4. juni.
– Grunna ferieavviklingen har vi satt fristen for å levera framlegga til 15. september, fortel ordførar Terje Søviknes.
100 000 i premie
Av innbydinga kjem det fram at kvart av dei tre inviterte arkitektkontora får 100 000 kroner for jobben. I tillegg får vinnaren 100 000 til og opsjon på å prosjektera utbygginga av parkeringshuset og kollektivterminalen.
Kommunen gjer og klart at dei står fritt til å nytta delelement frå alle tre tilbydarar i den endelege prosjekteringa.
Vinnaren vil bli kåra av styringsgruppa for «Prosjekt Liv på Øyro» etter at framlegga har vore gjennom ei uavhengig arkitektfagleg vurdering.
Tre etasjer med parkering
Plasseringa av parkeringshuset byggjer på stads- og moglegheitsanalysen frå Asplan Viak og reguleringsplanen for Os Sentrum Vest.
Skissa skal innehalde:
– Samla plan for kollektivterminal m/oppstillingsplassar for buss, venterom, kioskfasilitetar, publikumstoalett og sjåførfasilitetar
- Samla plan for parkeringsanlegg i 3.etasjar
– Oppdatert trafikkanalyse m/fokus på inn-/utkjøring frå kollektivterminal og parkeringshus i høve trafikkavvikling i rundkjøring sør for tomten og kryss nord for tomten.
Alt skal illustrerast med skisser/fotomontasjer. Det skal særleg leggjast vekt på logistikk, estetikk, belysning, funksjonalitet, materialbruk og gjennomføringsevne/kostnad.
– Parkeringshuset skal dimensjonerast for optimal arealutnytting i høve tal parkeringsplassar. Bommar og betalingsautomatar må plasserast slik at det ikkje skapar oppkøing ut i rundkjøring/fylkesveg. Utgangar skal leia publikum inn i hovudgata ”Bydraget” og til parkanlegget framfor Rådhuset, heiter det i invitasjonen.