Lokal | 15. jan. 2016

Utforkøyring og åtferdskontroll

I går blei det ni reaksjonar på Byvegen, i dag tidleg blei det kø då ein bil hamna utfor Lyseklostervegen.

Utforkøyring og åtferdskontroll
UP hadde kontroll på Byvegen ved Kuven stasjon torsdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. jan. 2016 09:18

Fredag i 7.50-tida fekk politiet melding om ei utforkøyring ved Lysekloster-ruinane.

– Det skapte nokre trafikale problem i området, men etter kort tid fekk vi melding om at bilen var på vegen igjen, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

UP på Byvegen

Midt på dagen torsdag hadde utrykningspolitiet trafikkontroll på Byvegen retning sør (mot Osøyro).

Det blei tre forenkla forelegg for ulovleg bruk av mobiltelefon og seks gebyr for manglande bilbelte.

Automatisk alarm på Kysten

Klokka 07.16 fredag morgon rykte brannvesenet ut på automatisk alarm ved Kysthospitalet i Hagavik.

Det var ikkje brann på staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.