Utedag for alle
Søndag 1. september inviterer Barnas Turlag Os både store og små til Kom Deg Ut-dag i Osmarka.
- I fjor var det rundt 500 deltakarar og vi rekner med det blir like stort frammøte i år, seier turleiar og styremedlem i Barnas Turlag Os Eirik Røberg.
Alle kan vera med
Barnas Turlag Os blei for to år siden skilt ut frå Os Turlag og er no ei underavdeling av denne.
Dei inviterer alle som vil ut på forskjellige turar, og har blant anna vore på krabbeturar, kanoturar og vitjing på bondegard.
Barnas Turlag Os er for aldersgruppa 0 - 14 år medan DNT Ung er for ungdommar, dei har klatreklubb på Nore Neset Aktivitetshus.
Alle som ønskjer kan bli med på arrangementa, om dei er medlemmar eller ikkje.
- "Åpent for alle - gratis for alle" er slik vi vil ha det hos oss, fortel Røberg.
Rebus, kano og grill
- Vi har to faste Kom Deg Ut-dagar i året, ein på sommaren og ein på vinteren.
I vinter var det ake- og skidag på Bontveit med rundt 100 deltakarar.
Søndag har Barnas Turlag fått lånt hesteløypa av Os Travklubb, og saman med Os frivilligsentral arrangerer dei rebusløype, kanopadling på Tøsdalsvatnet og andre aktiviteter.
- Og når vi er på tur er alltid bålpanna med, så det vil bli anledning for grilling.
Klikk her for meir informasjon om arrangementet.
- Viss det er nokon som har anledning til å bli med som frivillige så treng vi framleis fleire gode hjelparar, både til denne dagen og andre turar vi arrangerer, avsluttar Røberg.