Ute på første oppdrag
Den Os-baserte oljebedrifta 2Stabilise er godt i gang. – Vi er no ute på vår første stabiliseringsjobb i Nordsjøen, fortel Jannikke Berger.
Då det blei endringar i oljebransjen valde osing Kjell Størksen og kollegaene å starta for seg sjølv.
I Størksen si heimbygd etablerte dei 2Stabilise ved hjelp av lokale investorar.
– Vi har kome veldig godt i gang. For øyeblikket sit eg saman med fire kollegaer i Nordsjøen, klar for å vera med når vi gjennomfører vår første stabiliseringsjobb, fortel Jannikke Berger, salgs- og markedssjef i 2Stabilise.
Engasjerer heile firmaet
Berger fortel at jobben er planlagt å vara i omlag seks veker.
– Den vil engasjera alle ansatte i selskapet pluss to som vi har leigd inn på prosjekt. Vi er smigra over den overveldande positive interessa som er for selskapet.
Per i dag teller 2Stabilise ti tilsette og to innleigde i det pågåande prosjektet.
Godt på veg etter vel to månadar
2Stabilise har allereie mottatt tre ordrar etter berre to månader i drift.
– Det vil seie at vi allereie er langt på veg til å nå dei måla vi satte oss for 2017. Tida til no har vore intensiv for alle ti. Det har vore travelt og vi har utfylt kvarandre godt i høve det å komma i gang på ein mest mogleg effektiv måte.
– Omlag halvparten av oss har bestilt utstyr, utarbeida prosedyrer, sjekklister og rutiner som krevst for pågåande leverandørgodkjenningar på både norsk og engelsk sektor. Den andre halvparten har tatt mange fysiske tak for tilrettelegging og tilpassing av utstyr og verkstad, fortel Berger.