Lokal | 21. aug. 2013

Utan oljepengar, likevel billig!

Lesarinnlegg: Vi taper 10 milliardar kroner i omsetnad og 10.000 arbeidsplassar på svenskehandel. Matprisane i Noreg må ned.

Utan oljepengar, likevel billig!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. aug. 2013 10:48

Mange av oss har vore i Sverige, både i sommar og tidlegare. Kanskje nokon planlegg ein tur allereie no i haust. Det er nokså spesielt at ein av hovudgrunnane til at me reiser er dei låge prisane. Og det ser ikkje ut til at me i Noreg får billigare matvarer med denne regjeringa.

Sp sin landbruksminister meiner til og med at frukt må bli dyrare enn i dag. Og hevdar at dette er forbrukarane viljug til å akseptera.

Lurar på kven han har snakka med? For meg og Frp er frukt sunn mat og sunn mat skal vera mogeleg for alle uansett lommebok ha råd å kjøp. Ikkje berre for at det er godt, men òg fordi det er sunt.

Grensehandelen aukar år for år. Det norske folk kjøpte daglegvarer i fjor for over 10 milliardrar kroner i Sverige. Regjeringa meiner dette ikkje er noko problem, noko Frp er svært ueinig i. Vi vil ha billegare handlekorger i Noreg.

Ikkje berre er det omsetnad på mat ein går glipp av. Også arbeidsplassar taper me. Over 10.000 årsverk får Sverige av oss.

No er me kjent for at me er eit snilt folkeferd, men desse arbeidsplassane trenger me i vårt eige land. Norske bedrifter, arbeidsplasser og norske forbrukarar bør telja meir.

Difor meiner FrP at ein bør tilnærma seg Sverige når det gjeld matprisane.

Sjølvsagt skal du kunna ta deg ein tur til Sverige. Sverige har mykje å by på. Men Frp meiner det skal ikkje vera matprisene som lokkar. Dei skal vera på same prisnivå i vårt eige land.

God tur til vallokalet 9. september. Handlekorga i Noreg skal ha lik pris som i Sverige om Frp kjem i regjering.

Laila Marie Reiertsen
Stortingsrepresentant, Frp

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.