Utagerande festdeltakar hamna i arresten
Politiet fekk i går melding om ein båt som sperra for ein buss, tjuveri av skilt på Skeie, ruteknusing i Strøno og ein uboden gjest på ein privatfest.
Politiet fekk søndag melding om tjuveri av kjenneteikn frå ein bil.
– Bilen sto parkert i Skeismyra, fortel Eivind Hellessund, operasjonsleiar i Vest politiditrikt.
Det kom og melding om ein båt som sperra for buss.
– Det var ein båthengar som hadde punktert. Eigar hadde sett hengaren med båten frå seg på ei busslomme nokre hundre meter frå Uno X.
Ruteknusing og bråk på fest
Søndag var det nokon som høyrde lyden av ruteknusing frå område nær Ervikane.
– Det skal vera frå ein eldre bustad som ikkje har vore i bruk på mange år. Innringar hadde ikkje gått inn grusvegen og sjekka sjølv og vi hadde ikkje kapasitet akkurat då det blei ringt inn, seier Hellessund.
Klokka 01.15 natt til måndag fekk politiet melding om ein uboden gjest som var utagerande på ein privatfest litt sør for Os sentrum.
Mannen, som er i slutten av 20-åra, blei henta og køyrd til overnatting i arresten i Bergen.