Næringsliv | 06. mai 2022

Urovekkande auke i arbeidsuføre

– Auken er størst blant dei under 30 år, og det gir grunn til bekymring.

Urovekkande auke i arbeidsuføre
Graf: Nav Vestland.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. mai 2022 10:33

Sidan starten av pandemien har det vore ein auke i talet på vestlendingar som er registrerte hos NAV med nedsett arbeidsevne og/eller uføretrygd.

I 1. kvartal 2022 er over 54.000 personar i fylket registrerte med helseutfordringar* hos NAV.

Det svarar til 13,4 prosent av befolkninga i Vestland i alderen 18-66 år.

* Omgrepet blir brukt om personar som anten har nedsett arbeidsevne (fleire i denne gruppa får oppfølging for å koma tilbake i arbeidslivet, og mottar arbeidsavklaringspengar) eller mottar uføretrygd fordi dei har varig nedsett inntektsevne.

Tal for Bjørnafjorden kommune
– prosent av innbyggartalet mellom 18 og 66 år
Nedsett arbeidsevne: 960 (6,3 %)
Ufør: 1.291 (8,4 %)
Totalt: 2.103 (13,8 %)

Tal (prosent totalt) for nokre andre kommunar
Austevoll 11,2 %
Bergen 12,1 %
Tysnes 15,4 %
Askøy 15,4 %
Samnanger 16,5 %
Øygarden 17,3 %

Sjølv om Vestland framleis er blant fylka der færrast personar er registrert med helseutfordringar, har det vore ein auke dei seinaste åra.

Det uroar direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.

– Auken er størst blant dei under 30 år, og det gir grunn til bekymring. Det er ikkje bra verken for den enkelte eller for samfunnet at så mange står utanfor arbeidsmarknaden på grunn av helseutfordringar, seier Bogsnes.

Stor og variert gruppe

Ho presiserer at dei som er registrerte med helseutfordringar er ei stor og variert gruppe, og at det også er mange i denne gruppa som har ein varig nedsett arbeidsevne som gjer at dei ikkje kan bidra i den ordinære arbeidsmarknaden.

– Vi bør fokusere på å hjelpe dei som har mogelegheit til å jobbe sjølv om dei har helseutfordringar. Det er stort behov for arbeidskraft, og vi veit at det kan bety mykje for den enkelte sin livskvalitet å få lov til å bidra i samfunnet gjennom ein jobb, seier Bogsnes.

Unge uføre kjem i arbeid

Ho oppmodar arbeidsgivarar til å gi folk ein mogelegheit til å vise kva dei kan.

– Vår erfaring er at mange arbeidsgivarar har fått lojale og flinke medarbeidarar fordi dei har turt å satse på ein som ikkje nødvendigvis er den mest openberre kandidaten.

– NAV har mange verkemiddel for å legge til rette for både arbeidsgivar og kandidat, seier Bogsnes.

Prosjektet #syktbrajobb i Bergen er eit eksempel på at tett oppfølging og godt samarbeid med arbeidsgivarar kan bidra til at unge uføre kjem i arbeid att.

– Mange med nedsett arbeidsevne ønskjer å jobbe, og då må vi finne gode løysingar saman med arbeidsgivarane for å legge til rette for at dei skal få oppfylt det ønsket, seier Bogsnes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.