Lokal | 19. juli 2013

Urinerte på nya-buo

Politiet: Kollisjon ved Rema, lause hestar (igjen) og mann som urinerte oppetter veggen på den nye drosjebua i Os sentrum – midt på dagen.

Urinerte på nya-buo
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. juli 2013 09:11

Fredag morgon i 7.30-tida fekk politiet melding om to lause hestar på Byvegen med retning Bergen.

– Vi fekk ikkje fleire meldingar på hestane og hadde sjølv folk som kjørte på Byvegen på veg til jobb på den tida, utan å sjå hestane, så vi har ikkje rykt ut på den, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Måndag denne veka var politiet ute på tre rømte hestar. Dei stakk frå Klyva ved Moldegård til Gymnasvegen, kanskje for å sjå om graset var grønare vest om elvo.

Urinerte på drosjebua

Torsdag i 10-tida på formiddagen blei det oppdaga ein mann som urinerte oppetter veggen på drosjebua i Os sentrum.

– "Det var ingen som hadde noko med kvar han pissa", skal han ha sagt før han stakk frå staden.

– Vi hadde patrulje ute og såg etter han, ein mann i 50-60-åra, men fann han ikkje.

Kollisjon og ransaking

Politiet var i går på ei ransaking i høve ei sak i Bergen. Dei fann ikkje noko spennande på oppdraget.

UP stoppa ein bil på Hatvikvegen som var på veg til Fusa. Bilen var i dårleg stand, politiet i Os har ikkje notert kva UP gjorde med saka.

– Det var også ein kollisjon mellom to bilar i går, ved ein av Rema 1000-butikkane. Det var ingen personskade og bilførarane ordna opp seg imellom med skadeskjema.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.