Urbant langs elva
Kommunen sit på eigedomsverdiar opp mot 120 millionar. Eitt av prosjekta er Landboden inkludert gymsal og scene ved ungdomsskulen.
Os kommune sit etterkvart på ei relativt betydeleg eigedomsmasse. I investeringsbudsjettet legg rådmannen opp til sal av eigedommar for 71 millionar kroner dei kommande fire åra.
– Det pågår fleire reguleringsplanar, som Askvikneset, Vognhallen-Kvernelva og Mobergslio, desse vil vera med på å auke verdien av av eigedommane, innleia ordførar Terje Søviknes (Frp), før han lot leiar av prosjektavdelinga Tor Inge Døsen orientera på budsjettkonferansen.
Døsen valde å legga fokus på området ved Landboden, som er venta å komma til regulering i løpet av året.
– Dette er eit reelt alternativ som kulturscene i sentrum, kor vi riv den gamle gymsalen og badet.
– Når alt er ferdig så blir det utvikla med leigebustader, kulturbygg og dobbel gymsal, fortalde Døsen.
Dei kommunale planane syner 15-20 bustader (inntil 2400 kvm) ved Kløvertun, 12-15 bustader ved gamle badet, 50 parkeringsplassar (30 inne, 20 ute), nytt gymbygg (dobbel gymsal 16,5x25 meter med 2 fulle garderobar, inntil 500 kvm til kulturutvikling/øving inkl ny stor scene inntil 14x7 m)
Må heva vegen
Saman med private utbyggjarar vil kommunen utvikla området frå gamlebrua og ned til Kløvertun.
– Vi må faktisk heva vegen med 2 meter som følgje av krava frå NVE.
– Dei seier at vi må ta omsyn til 200 årsflom i Oselvo.
– Utbygginga blir bygg i 3-4 etasjers høgde, med promenade langs elva.
– Det kjem til å bli ei urban bebygging. Ikkje alt for tett, men nokså tett, forklarte Døsen.
Offentleg parkering vil bli løyst dels i dagen og dels i eit parkeringsanlegg under gymsalen/kulturbygget.
Kan komma opp mot 120 millionar
Når området er ferdig utvikla ser prosjektsjefen for seg at dei delane av det prosjektet som er egna for sal kan gje 6 millionar kroner i kommunekassa.
– Det blir litt kikkertsyn og å kikka i glasskula, men med dei reguleringsarbeida som er på gang no, så sit kommunen må store verdiar som kan realiserast.
– Vi må laga ein strategi på salet av eigedommane, påpeika prosjektleiaren.
Her er oversikta, mogleg år for realisering i parentes.
Mobergslio, 27 bustadtomter: 30 millionar netto over 3 år
Landboden: 6 millionar (2015)
Gamle Os barnehage: 20 millionar (over to år)
Gamle brannstasjonen: 17 millionar (2015/16)
Fjellheim: 20 millionar (2014/15)
Kvernelva (tomt): 10 millionar (2016)
Askvikneset: 17 millionar (2015/16)