- Unngå å bli tatt
Nyt påskevêret og kom deg ut på ski. Her er skredekspert Mats Hjelle sine råd for ei trygg påske.
Osingen Mats Hjelle sit i Røde Kors si ressursgruppe for skred og er med på å utvikla rutiner, kurs og opplæring innan organisasjonen. Han er òg veiledar og instruktør på fleire kurs.
- Det beste rådet er å unngå å bli tatt, slår Hjelle fast.
Desse områda bør du unngå
Skal du unngå å bli tatt, bør du tenka deg om i kva område du går eller står på ski.
- Bakkar med ei helling over 30 gradar er høgrisikoområder. 30 gradar er nesten så bratt som unnarennet i Holmenkollen, så dei fleste av oss får meir enn nok utfordringar i slakare hellinger enn dette.
For å finna ut kor bratt ei helling er, kan du bruka skistavane dine eller eit kompass med ei gradskive.
Sjå Mats demonstrera korleis du gjer det på VG-TV.
- Samstundes skal du vera obs på at du kan bli tatt der det er flatare terreng òg. Difor er det viktig at du bruker auga og les terrenget. Ser du at det har gått skred der tidligare, så er det eit varsel på at du kan vera på veg inn i eit risiko-område, forklarar skredeksperten.
Skred utløsast oftast i leheng. Fonner og skavlar er eit teikn på at det har vore vind på den sida skavlen heng og at det er eit leheng. Der kan snøen vera ustabil og dermed utgjera ein risiko.
- Det gamle ordet Følg rygg – ver trygg, gjeld fortsatt. Går du på toppane av fjellryggane er du trygg. Du må samstudes vera obs på at du ikkje går ut på skavlar. Desse kan fort brekke og utløsa skred.
- Ein siste ting du bør unngå er terrengfeller. Dette er gjerne trange bekkedalar og gjel kor du blir låst fast i terrenget om det går eit skred i sidane på deg.
- Ta ei risikovurdering. Brukar du 30 sekund på å komma deg gjennom gjelet er risikoen for å bli tatt liten, men skal du setja deg ned med familien for å rasta, bør du finna ein tryggare plass, er rådet frå Mats Hjelle.
Skredsøkar, søkestang og spade
Er du så uheldig å bli tatt av eit skred, visar forskning at du har berre 15 minutt på deg før du går tom for oksygen.
- Vi bur i eit langstrakt land og hjelpemannskap brukar som oftest lengre tid enn det for å koma fram til området.
- Difor er kameratredning så utruleg viktig.
- Er de ein kameratgjeng som er glad i toppturar og off-pistkøyring er det tre-fire hjelpemiddel de bør ha med dykk. Skredsøkar-/mottakar, søkestang, spade og gjerne ein skredsekk
- Dette gjer ikkje risikoen for å bli tatt for skred mindre, men sjansen for å bli redda større om uhellet først er ute.
- Det må øvast!
Mats Hjelle var ein av Røde Korsmannskapa som var med då Kronprins Haakon opna den nye øvingsbana i Myrkdalen.
- Som kronprinsen sa då vi var der oppe. Det held ikkje å berre ha utstyret. Du må også øva deg på å bruke det.
- Det held ikkje berre å pakke ut skredsøkaren på parkeringsplassen og legga ut på tur eller opp i bakken.
- Sett deg inn i korleis den skal brukast og test at den fungerar mot kameratane sine skredsøkarar, sjekk batteria og øv på forhånd. Det tek ikkje meir enn 15-20 minutt å læra seg korleis den fungerar.
- Er de fleire kameratar som har utstyret kan de like gjerne øva heime som i terrenget. Gøym ein sendar i eitt rom, prøv å finn den med ein mottakar, er tipset frå skredeksperten.
Sjå då Forbrukerinspektørane på NRK testa redningsutstyr for skred.
(innslaget kjem fem, seks sekund ut i klippet)
Hjelle fortel at han har inntrykk av at mange unge som driv frikøyring i laussnø er flinke til å tenkje eigen sikkerhet og har mykje av dette utstyret på plass.
Ha auga med deg
Varsom.no er NVE si teneste for å varsla risikoen for snøskred. Området Voss dekkjer mellomanna Myrkdalen og Kvamsskogen.
- Det er ein god teneste som gir ein peikepinn på kor stor skredfaren er. Problemet er at den fevner relativt store områder i varsla, slik at heilt nøyaktige risikovurderingar får du ikkje. Men sida er absolutt verdt et besøk.
- Skal du ut på tur så start planlegginga heime med å sjå på karta. På veg opp til fjellet bør du ha auga med deg og sjå om det er fonner, skavler og om det har gått naturlege skred i området du har tenkt deg til.
- Dette gjeld òg når du sit i stolheisen i eit alpinanlegg og har tenkt å køyre i laussnøen. Ikkje sit på facebook, men sjå på terrenget du har tenkt å køyre i. Har det gått skred bør du halde deg unna.
- Også når du er på sjølve turen bør du ha augene med deg og vurdera risikoen fortløpande. Vi har mange flotte terreng å køyra i, men ikkje ta unødige risikoar, oppfordrar Mats Hjelle.