Sport | 16. feb. 2016

Ungjentene imponerte

Det blei eit skikkeleg lokalt lokaloppgjer då Søre Neset1 møtte Søre Neset2. Dei eldste vann greitt, men publikum lot seg imponera av ungjentene på andrelaget.

Andris Hamretysdag 16. feb. 2016 09:24

Bildeserie:

Lokalt lokaloppgjer: Søre Neset 1 mot Søre Neset 2 (foto: AH)

Trenar Morten Asphaug var dommar i kampen (foto: AH)

1 av 12

Det var vel ikkje mange som trudde at andrelaget skulle klare å slå dei suverene serieleiarane på førstelaget då Søre Neset 1 tok imot Søre Neset 2 til oppgjer i 3. divisjon måndag kveld.

I starten av kampen virka det nesten som at dei yngre spelarane på andrelaget heller ikkje hadde tru på at dei skulle klara å ta dei meir rutinerte førstelagsspelarane. Opninga var nervøs og svak, men ungjentene spelte seg opp utover i omgangen.

Dei viktige ti poenga

Etter å ha tapt første settet 7-25 virka det som om rekruttane hadde fått rista av seg det meste av nervar. Dei kom meir inn i spelet og klarte det som tydeleg var eit viktig delmål, nemleg å plukka minst 10 poeng i settet.

Det klarte dei i det andre settet kor førstelaget vann 25-10.

Imponerte, men fekk ikkje poeng

I det tredje og siste settet hadde trenar Morten Asphaug, som for anledninga ikkje sto på trenarbenken, men i dommartårnet og dømde jentene han til dagleg trenar, bedt om at J17-laget skulle få eitt sett saman.

– Til neste år er dei gamle nok til å spele J17, så det er greit at dei får prøvd seg litt saman, forklarte Aspehaug frå dommartårnet.

Og J17 (som besto av fire U15-spelarar og to U16-spelarar) imponerte stort. Dei viste forsvarsspel og opphentingar av høg klasse, men klarte ikkje å knekka dei meir rutinerte damene på førstelaget. Settet blei det artigaste for publikum med ei rekkje flotte ballvekslingar og nokre fantastiske redningar kor spelarane låg langflate på gulvet. (Sjå klipp frå settet i videoen ovanfor)

Resultatet 25-10 til førstelaget var ikkje heilt rettferdig om ein vurderar det berre ut frå spelet.

Som det skulle vera

Asphaug oppsummerte kampen med at det var omtrent slik det skulle vera. Førstelaget vann 25-7, 25-10 og 25-10.

– Det er der forskjellen skal vera. Det var omtrent dette eg forventa på førehand. Førstelaget hadde eit mål om ikkje å gje andrelaget ti poeng i kvart sett, men det klarte dei ikkje. Dei senka seg nok litt ned og var i periodar litt for ukonsentrerte.

– Du såg det spesielt i angrep i dag, kor førstelaget ikkje gav maks, men var litt greiare mot juniorane, oppsummerer trenaren.

For begge laga står det no igjen berre ei seirerunde, kor begge møter Bryggen til kamp. Deretter er det årets siste rankingturnering.

– VI har tapt ein kamp i rankingturneringa før jul. Det for helde. Målet for førstelaget er å gå ubesigra gjennom resten av sesongen og rykke opp, avsluttar Morten Asphaug.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.