Unggut skaper sin eigen arbeidsplass
Benjamin Bruarøy var for rastlaus til å sitta på skulebenken. No har han skapt sin eigen arbeidsplass bak rattet i nyoppretta bodbilfirma.
Bruarøy budservice har base i Os, og opererar med dagleg transport av smågods i Os og bergensområdet. Bak selskapet står ein ungdom på 22 år med lopper i blodet.
– I 2014 byrja eg på universitetet, men vart ikkje verande der så lenge. Eg vart rastlaus rett og slett, og ville heller vera i arbeid enn å slita skulebenken, fortel Bruarøy.
– Etter universitetet hoppa eg i grunn på første og beste jobb, og enda opp i ein barnehage. Men det var eigentleg sjåfør eg ville vera.
Tilfeldigheiter
– Eg byrja å sjekka ut litt marknaden for bodbilservice, og fann ut at det kunne vere liv laga. Så høyrde eg at eit budbil-firma som alt opererte i Os vart lagt ned. Då var det berre å gripa moglegheiten.
– Vegen har vorte til litt etterkvart. Eg byrja med enkle marknadsundersøkingar, og byrja å pusla litt med eiga nettside til firmaet. Og no er firmaet oppe og går, seier han nøgd.
Har investert
Bruarøy har valt AS som selskapsform, noko som gjorde at at han måtte skaffa eigenkapital på 30.000. I tillegg måtte han ha ein bil.
– Eg har investert litt og lånt litt. Målet er at det skal betala seg, at eg skal gå i pluss på dette. Dersom det er mogleg kan forretninga gjerna utvida også.
– Eg kjem til å kjenna litt på marknaden og justera i takt med den. Eg vil gjerne auka opp og utvida, men til sjuande og sist er det marknaden som bestemmer.
Første stamkunde?
– Fredag var eg hos Maxprint og fekk dekorert bilen med logo og slikt. I dag er første dagen eg køyrer som bod. Tøsdal og Nordstrønen Motorservice er mine første kundar.
– For oss er det viktig å støtta opp om lokale verksemder, så vi kjem nok gjerne til å nytta oss ein del av Bruarøy budservice, seier Morten Tøsdal idet han overleverer sin første pakke til Bruarøy.
– Eg håper lokale verksemder vil nytta seg at eit lokalt budfirma. Eg er i alle fall beredt til å yta god service til kundane mine, og vera ein påliteleg aktør i marknaden, avsluttar Bruarøy.